Då me kom til Noreg

Eg heite Amer og eg går i 10. Klasse. Eg kjem frå Elappo i Syria. Eg gjekk på skulen i Syria fram til 4.klasse, så byrja krigen.

Eg og familien min reste til Tyrkia, der vi budde i tre år. I Tyrkia gjekk eg ikkje på skule. Eg jobba i ein stor fabrikk der vi laga klede og slikt. Det var greit, og eg lærte mykje der.
Så fann far min ut at vi skulle reise til Noreg, og han sendte søknad for at vi skulle få lov.

Det var svært kjekt å skulle reise til Noreg, men bror min fekk ikkje lov å reise med oss. Det var vanskeleg å tenke på at bror min skulle vere aleine att i Tyrkia. Men etter fem månder fekk me beskjed om at han skulle få komme til oss, så då vart det eit betre liv med han. Me har det godt her i Noreg, og norske folk er bra folk.

Amer

Svikta av politikarane

Eg er ein gut som bur i Framfjorden ved fylkesveg 92, som går frå Vik til Nese. Kvar dag køyrer eg fram og tilbake frå skulen på denne vegen, som er ein av dei farlegaste vegane i heile Noreg. Vegen har vore teke opp med lokale politikarar og fylket fleire gongar og så godt som ingenting har skjedd heilt sidan vegen vart bygd tidleg på 1970 talet. Gjennom heile året, men spesielt om hausten og vinteren er det ofte steinar på vegen. Mange av desse må ein flytte på for å komme seg forbi. Nokre av steinane er så store at om dei hadde truffe så ville dei ikkje berre gjort skade på bilen, men også på menneska inni.. Det er fælt å tenkje på!

Steinane er ein ting, men ganske ofte i løpe av året kjem det ras.
Fleire kubikk med stein, jord og snø kjem ned. Dette kan få store
konsekvensar! I tillegg blir då ofte vegen stengd, og det å få på plass
alternative båtruter tek tid og fungera ofte dårleg om det i det heile tatt vert
sett inn. Så når dette skjer, er samfunnet i Arnafjorden så godt
som isolert frå resten av omverda. Dei mest rasutsatte områda er ved Eitrenese og frå Eitrenese til Nisstad, altså kring 6 km samanhengande rassone. For ei tid sidan opplyste vegkontoret at det raste 56 gonger på fem år. Dette var registrerte ras, men det kjem også ofte steinar som ikkje vert meldt inn.

I tillegg til alt dette er det svært dårleg rekkverk på mykje av vegen, og enkelte stader er det ikkje rekkverk i det heile.

Det at ein andre stadar i landet snakkar om kor vidt ein skal byggje dobbel eller firefelt veg, med rekkverk på begge sider får oss i Arnafjord til å føle oss mindre verdt. Det er så mange gonger det har vore nære på før nokon har blitt truffe av ras. For ikkje alt for lenge sidan høyrde me om ein sambygding som vart fanga mellom store steinar som kom ned. Det raste på begge sider av han. Sjølv om slike hendelsar ofte blir opplyste om, gjer ikkje nokon noko med vegen!

Så det eg og andre i Arnafjorden lurer på er: Må liv gå tapt for at politikarane skal forstå, reelt engasjera seg og faktisk gjera noko med denne farlege vegen?

Lars-Magnus 16 år

Fotball

Me er to jenter på 13 år som heite Madelen og Synne, og me likar å drive med sport. Me spelar fotball med vener på fritida og på treningar. I tillegg til fotball spelar Synne handball og Madelen driv med skiskyting.
Det me tykkjer er bra med fotball er at me får møte vener og vere sosiale. Me har det kjekt ilag, og møter mange nye folk når me er på bortekampar eller har heimekampar.

Det som er litt dumt er at enkelte kan rakke ned på dei som ikkje er like gode å spela. Det er trist om nokon sluttar på grunn av mobbing, for då kan det hende me til slutt ikkje har eit fotballag meir. Det kan også bli slik at berre dei beste fotballspelarane får spele kampar. Då kan dei som ikkje får spele så mykje bli leie og slutte.

Me spelar på Vik. Me tykkjer me har eit bra lag, ikkje berre på fotball, men og på å støtte kvarandre viss ein føler seg nedfor. Sjølv viss me ikkje vinn ein kamp, kan me bli litt sure der og då, men det går fort over. Me pleier som regel å reise på butikken etter ein bortekamp. Der kjøper me godteri, drikke og kankje litt mat. Når me er på butikken er som regel alle i godt humør.

Spelar du fotball? Kva likar du med fotball/likar du ikkje med fotball?

Madelen og Synne, 13 år.

Skulen står i vegen for fritida vår

Skulen handlar ikkje lenger berre om å læra, men heller å score høgt på prøvar. Dette skapar eit press og stress på oss elevar, som igjen aukar sjansen for at elevar droppar ut av skulen. I tillegg til dette har me alt for mykje lekser, og me får nesten ikkje tid til å vere med vener. Skulen burde vere ein plass der me skal glede oss til å lære noko nyttig, som korleis betaler rekningar og korleis verda er idag og ikkje i 2007, som fleire av bøkene på skulen er ifrå. Istaden lærer me korleis me analyserer dikt, og til dømes korleis rituala i hinduismen er. I engelsktimane burde me faktisk lære å snakke engelsk, istaden for å sjå på engelske nyhende. Skulen burde vere meir oppdatert på korleis samfunnet er idag, og korleis ungdommen lev. Moderne skule gjer at elevane får meir motivasjon til å lære, og at dei faktisk gler seg til å reise på skulen.

Me har eit ønske om at det blir mindre teori og meir variasjon i timane.

Mvh Fbs, rom 319

Bøndene si framtid

Eg er ein gut på 16 år som bur i Vik i Sogn. Eg har odel på garden heime og skal overta når den tid kjem.

Rundt om i landet vert det færre og færre bønder. Fleire og fleire legg opp på grunn av for mykje arbeid eller ynskje om høgare utdanning. Hovudsakleg ein jobb der du arbeider 6-7 timar dagen så får du fri resten. For bøndene er det ikkje faste arbeidstider. Kalvar ei kyr midt på natta må bonden ut for å hjelpe kyra. Få tenker over kor lange arbeidsdagar bøndene har.  

Men dei færraste ser det beste I gardsdrift. Det at du får nærkontakt til dyr og har ansvar for dei. Dersom bonden ikkje orkar å gå på jobb ein dag kan det få fatale konsekvensar ovanfor dyra. Ingen av dyra hadde fått mat eller stell.

Så får eg gå inn på produkta som bøndene produserer. Tenk på kva du åt til frukost i dag. Kanskje ei brødskive med ost eller sylte, eller ein yoghurt med müsli. Alt dette kjem frå bøndene. Bøndene produserer korn, mjølk, bær, kjøt og mange andre råvarer. Ingen i landet hadde fått mat utan bøndene.

Om alle bønder slutta å produsere mjølk ville ingen I Noreg få mjølk på bordet, produksjonen av yoghurt, ost og mange mjølkevarer ville blitt utsolgt og dei som arbeidar med å produsere desse varene ville mista jobben.

Om alle bærprodusentar hadde slutta å produsere bær ville ingen fått sylte på skiva, ingen ville fått saft i glaset til middag eller bær til dessert ein varm sommardag.

Så var det kjøtet. Kven hadde ønskt eit liv utan kjøt på bordet, utan ein saftig biff på kafeen, utan kjøttbollar til middag. Alle som arbeider med kjøt, slakting eller som kokk ville mista jobben ganske fort.

Men me kan jo berre importere maten slik som me gjer med mykje anna kan mange seie. Men kva om ingen land lenger ynsker å selje varer til Noreg? Då kjem befolkinga til å svelte om det ikkje finst bønder som kan produsere matvarer.

Derfor ønsker eg at bøndene I Noreg ikkje skal gi seg, men stå for si sak.

Gut 16

Hybelhelvete

Til hausten skal me begynne på vgs i Sogndal. Sidan me bur i Vik betyr det at me enten må pendle meir enn 1 time med buss og ferjer eller flytte på hybel. Bussruta er ofte dårleg, og med farleg veg og uerfarne busssjåførar kan dette verte svært ubehaglig for passasjerane. Ofte må bussen køyre fortare enn han burde for å rekke ferja. Av og til rekk han ikkje den og passasjerane må vente opp mot ein time på neste ferje. Med stor fart og dårleg sikkerheit på bussen er fleire redde for at bussen skal køyre utfor vegen eller krasje. For nesten alle ungdomar her i Vik er det derfor uaktuelt å pendle. I tillegg til dei utrygge pendlarrutene mistar du mykje tid som kunne vore brukt til lekser, vener og fritidsaktivitetar. For mange er det å flytte på hybel noko ein vert tvungen til. Å flytte på hybel som 15-16 åring er utfordrande og kan vere skummelt, og ikkje alle kan takle dette.

Bortebuarstipendet er noko ungdommar som skal på skule får om dei ikkje kan bu med foreldra sine, det er meir enn fire mil mellom skule og heim eller reisetida er tre timar eller meir tur-retur. Som framtidige hybelbuarar har me begynt å leite etter ein hybel og ut i fra erfaring er det få hyblar som er under bortebuarstipendet. Som om det ikkje er gale nok å verte tvungen til å flytte på hybel må me i tillegg betale meir for hybelen enn det bortebuarstipendet dekkar. Eit skuleår varar omtrent I 10 måndar, men hyblane må ein leige i 11-12 månadar. Då vert det slik at ein betalar mykje for å vere der lite. Det har og vore tilfeller der elevar har måtte betalt ekstra for å dekke kostnadar som hybeltakaren har, til dømes straum og vedlikehaldsarbeid. Me er derfor avhengige av pengestøtte fra foreldre for å kunne gå på vidaregåande. For familiar med dårleg råd kan dette i verste fall føre til at foreldre og elev må ta opp lån. Å få lån i så ung alder er ikkje bra for framtida og vert heilt feil i eit land som er så godt utvikla som Noreg. Og dette gjeld berre hybelutgifter. Kostnadar som til dømes transport, mat, utstyr til yrkesfag som ikkje utstyrstipendet dekkar og ulike aktivitetar kjem opp att på.

I Noreg har alle rett på utdanning og det er ikkje meininga å måtte betale fleire tusen kroner i månaden for å gå på vidaregåande, men for oss vert det slik. Ein vert tvungen på hybel og ein må betale mykje meir enn det stipendet dekkar for å kunne gå på skule. Dette har alltid vore eit problem. Me syns at det vert heilt feil å bli straffa økonomisk fordi me bur i ei bygd som ikkje har vidaregåande skule og dårleg skuleveg.

Noreg skal vera eit av verdas beste land å vekse opp i.

Kvifor er det slik at me skal verte straffa for å bu i ei bygd?

Sigrid 15 år og Lars-Magnus 16 år