Hei!
Eg er ein 13 år gamal gut. Eg tykkjer ikkje at mobbing er greit, spesielt ikkje nettmobbing, det er skikkeleg feigt. Om du er ein mobbar bør du tenkje deg om og slutte med ein gong. Tenk om du var den som vart mobba? Tenk om ingen hadde likt deg?
Det er sikkert ikkje lett å seie ifrå, men det er den einaste løysinga.
Om du blir nettmobba er det fordi dei er for feige til å seie det fjes til fjes.
Spørsmål: Kva skal me gjere for å få mindre mobbing?
