Korleis det er å vere ei muslimsk jente

Som menneske har me fordommar mot personar som me møter kvar einaste dag. Det har mange òg når dei ser ei muslimsk jente med hijab. Mange blir redde for å snakke med ei jente som brukar hijab. Dessutan kan ho oppleve rasisme retta mot ho.

Eg er ei muslimsk jente, og vil skrive litt om korleis eg opplever det. Når du ser ei jente med hijab, treng du ikkje å bli redd ho, eller for å snakke med ho. Vi er normale personar, men likevel sender mange oss rare blikk. Mange trur at vi bruker hijab fordi religionen vår seier det. Ja, det er sant, men vi brukar det og fordi vi er overtydde om det. Eg opplever at når enkelte høyrer om ei muslimsk jente med hijab, kan dei komme til å tenkje at ho ikkje er smart, open og liberal. Dette stemmer ikkje. For for oss betyr frigjering tankefriheit og ikkje frigjering av kroppen. Hijaben er eit deksel for hovudet og ikkje eit deksel for hjernen.

Vi opplever óg mange morosame oppfatningar. Til dømes trur enkelte at jenter med hijab ikkje har hår, eller at håret hennar ikkje er fint nok til å visast. Dette er ofte folk som ikkje har sett muslimske jenter før. Fleire norske ungdommar tørr ikkje å omgåast muslimske jenter. Eg lurer på kvifor eg som muslimske jente aksepterer alle andre, medan andre ikkje alltid aksepterer meg? Vi bør alle akseptere kvarandre sjølv om me er ulike.

Til slutt håpar eg at folk skjønar kva eg meiner. Eg vil gjerne hjelpe med å skape eit godt samfunn som alle ynskjer å ha i landet sitt.

Helsing Hiba Almobarak, Luster kommune

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s