17.mai – dagen der stolte nordmenn kastar isemballasjen på bakken

Verda har retning mot globalt klimakaos. Jorda vår blir meir og meir fylt med CO2 og plast. Her heime i Noreg feirar vi 17.mai og at nordmenn før oss sørga for at landet vårt fekk si eiga grunnlov. Vi beundrar den fantastiske naturen vår og snakkar om at vi ikkje må ta det for gitt. Samtidig kastar vi isemballasjen på bakken og køyrer heim for å ete Fjordland sin rømmegraut som er pakka i plast. Eg seier ikkje at alle gjer dette, men poenget mitt er: Kan vi nordmenn vere så himla stolte, når vi er blant dei som øydeleggjar jorda vår mest?

I rundt 500 år var vi underlagt Danmark og når vi i 1814 reiv oss laus og blei ein eigen nasjon, var det viktig å byggje opp sjølvtillita vår. Vi drog fram alt som vi kunne vere stolt over og bygde oss opp på det positive. I 1994 sa Gro Harlem Brundtland; «det er typisk norsk å vere best». Og det trur vi på. Vi trur at sidan vi har demokrati,  fred og ytringsfridom, at landet vårt er best i verda. Vi trur også at vi nordmenn er best i verda. For vi går jo tross alt ofte på tur i fjellet og et økologiske havregryn og kjeldesorterer matavfallet. Men er vi blitt så sjølvgode at vi rett og slett ikkje bryr oss om det som skjer rundt oss?

Vi er blant dei 25 landa i verda som slepp ut mest CO2 per innbyggjar. Sverige er langt under oss på lista. Og går ein gatelangs bilvegane her i Noreg, finn ein enorme mengder søppel som berre har blitt kasta ut av bilvindauget. Dessutan reiser vi berre meir og meir med fly, i 2013 var gjennomsnittet på rundt 7 flyreiser per person. Så vi er langt i frå best på å ta vare på naturen vår.

På nasjonaldagen i år må vi sjå oss sjølve i spegelen. Vi er så stolte over å vere nordmenn at det hindrar oss i å bli betre. Og vi må bli betre. Verda går mot globalt klimakaos og det vil krevje liv, både blant menneske og i naturen. Vi må rett og slett bøye oss ned og plukke opp igjen isemballasjen. Det burde vere typisk norsk å forbetre seg.

Kjelder:
https://www.fn.no/Statistikk/CO2-utslipp-per-innb
https://www.abcnyheter.no/reise/2014/12/07/213304/nordmenn-i-europa-toppen-pa-flyreiser

Liv Rigmor Netland, 17 år, Balestrand

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s