Syrisk mat er svært godt. Det er kjekt å laga sjølv om det kan vera vanskeleg og kan ta litt tid.
Eg har skrive ned oppskrifta på falafel, det er noko av det beste eg veit.
2 boksar kikerter
1 ts spisskummen
1/2 raud chili
2 ss potetmjøl
1 stk egg
Olje
Pitabrød
1 stk tomat
Jalapeno om du ynskjer
Frisk salat
Slik gjer du:
1-Hell av vatnet på kikertene, skyll med kaldt vatn. Bland kikerter, krydder, egg og potetmjøl med ein stavmiksar.
2-Form små, flate bollar på storleik med ei valnøtt, og steik i olje til dei er gylne på begge sider.
3- Lag agurksalaten ved å rive agurk, og blande med finhakka kvitløk, yoghurt, limesaft og hakka mynte.
4- Kutt litt frisk salat og tomat. Varm pitabrøda forsiktig i ovnen.
5- Server falafel i pitabrød med tomat, litt frisk salat og agurksalat. Ha gjerne i litt jalapeño om du ynskjer sterkare smak.
Amer