Er det mogleg å få ein sjanse?

Eg er ein gut som kjem frå Raqqa i Syria, eg flykta då eg var 14 år gamal på grunn av krigen. Eg kom hit til Noreg då eg var 17 år. Før eg kom til Noreg budde eg 3 år i Tyrkia, der måtte eg jobbe for at familien min og eg skulle overleve.

Eg kom hit for å bygge eit nytt liv. For å komme meg på skule måtte eg jobbe hardt med norsk språk. Etter ei stund klarte eg det, og no går eg på Sogndal vidaregåande skule. Eg trivst her i Noreg og er glad for å ha blitt kjent med mange snille folk. Eg har mange hyggelege og snille venner og, men eg manglar ein ting og det er ein jobb. Då eg er aleine her i dette store landet er det til tider vanskeleg for meg både økonomisk og psykisk. Om eg hadde hatt familien min her med meg hadde det vore enklare for meg, men eg ventar framleis på ein sjanse for dei til å koma.

Det eg ynskjer meg er ein jobb. Å få jobbe er einaste moglegheit eg har for å få ting på stell. Då kan eg tjene pengar og klare meg i kvardagen. Eg har så lyst til å få vise kven eg er. Kven kan gi meg ein sjanse? Eg håpar eg får moglegheita snart.

Anonym

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s